søndag 6. desember 2009

Eit år har gått.

Sat og leste på veners bloggar, då det plutseleg gjekk opp for meg at eg faktisk er innehavar av ein blogg sjølv og! Og skulle du ha sett: på dagen i dag er det heile 368 dagar sidan sist eg oppdaterte han. Sånn cirka. Så då er det truleg ikkje så vanskeleg å skjøna at det skal litt til å få oppsummert desse dagane på eit lite innlegg. Av den grunn gjer eg det enkelt: eg lastar opp nåkre illustrerande bilete, set ein strek og byrjar på nytt.







...der var bileta.
Her kjem streken: -

Då vil eg få ynskje alle og einkvar ei riktig god og velsigna julefeiring!
Og kven veit: kanskje dukkar det opp meir lesestoff på denne sida etterkvart?

onsdag 3. desember 2008

Ein kvardagstanke

Dersom eg ein dag skulle felle for freistinga av å skipa ei Facebook-gruppe, hadde ho hamna under kategorien "Frustrasjonar i kvardagen", og fått namnet: "JA til fleire gratis offentlege toalett i Oslo sentrum!"


Utedo i Ecuador.
Situasjonsbilete er utelete av hensyn til rødmefaktor.

Takk for merksemda :)

fredag 17. oktober 2008

He du høyrt på maken...

...i går hadde eg forelesning i ernæring.

Då lærte eg at kaffe er sunt, og antioksidantar er oppskrytt.

Eg likar meg på skulen.

onsdag 15. oktober 2008

Den gong då













Gamle minner, vedvarande vener :)

tysdag 7. oktober 2008

Tida flyg!

Yes, sidan sist har eg vårte sjukepleiarstudent og Osloværing, og det har av den grunn vårte lita tid til bloggoppdatering. Har flytta inn i ei loftsleiligheit i ein gamal blå villa på Grefsen, og trivs der som plommen i egget saman med mine kjære sambuarar: Ingunn og Berit.

Tida heime vert nytta til brødbaking, musikkhøyring, tådraging og tedrikking, og ellers meir eller mindre fornuftige sysler som kan utjupast nærmare ved eventuelle forespørslar.

På Diakonhjemmet er det mange kjekke folk, har mellom anna funne meg ei Ida som er med på lyse opp kvardagen. Pensum er vanskeleg, men kjenner likevel at eg har valt riktig studie- så eg satsar på å køyre laupet heilt ut.

Osmose, truncus brachiocephalicus og cytosolen er artige ord eg har lært meg.

Stearinlys er stor forbruksvare.

Ellers har eg enda ikkje fått makka meg til å bestille ny kameraladar på Elkjøp, så bilete vert det magert med denne gongen.

Talast.

:)

laurdag 17. mai 2008

17. mai

Yes, i morgon, eller teknisk sett i dag, så er det 17. mai igjen. Og eg må seie eg for fyste gong på lenge verkeleg ser fram til å feire Noregs nasjonaldag. Blir stas å få på seg bunaden igjen, med tanke på at finstasen i fjor vart erstatta med raud selabukse og hengande topphue med solokork og hundekjeks.

Nei, eg må seie eg gledar meg.

Til flaggheising, nasjonalsong og felles frukost.
Bunadstog, kyrkje og grillings, samt avslutning i sjølvaste Eidsvoll.
Og tek eg ikkje heilt feil, trur eg jammen dei gode gamle 17. mai-leikane også ligg på lur.
Stort betre kan det nok ikkje bli.

...eller, hadde jo i grunn vore litt greit om det ikkje vart sludd og 2-3 grader som vermeldingane tydelegvis seier...

Hipp hurra!

laurdag 26. april 2008

Finevér og vassblemmer

På tide med ei ny oppdatering?

Ja.

Kjøme den no?

Nei.

Ha en ellers fin dag :)